Aurland

29/2

Sunn, god, lokal og økologisk

Maten her er sunn, god, lokal og økologisk og restaurangen er stolt av å gi gjestene sine ein smakeleg bit av Aurland og Fjord-Noreg.Noko blir hausta frå eigen hage og åkrar, noko kjem frå bønder i området, og sist, men ikkje minst, er 29/2 så stolte over å ha Noregs einaste heiløkologiske jordbruksskule, Sogn jord-og- hagebruksskule (SJH), som næraste nabo. Herfrå får dei både grøne vekstar og tobeinte spirer: gartnarar på eige bruk.

Middagsoppleving:
29/2 hotellet serverer ein sat 3-retters meny dagleg kl. 19.00 i restauranten deira ETE.

Menyen forandrar seg dagleg med konseptet «Smaken av Aurland». Dei bruker lokale og økologiske råvarer og økologiske *u-reiste grønsaker og frukt frå vår eigen hage i sesong.

Det er mogleg å komma før middagen dersom ein ønskjer å nyta ein drink i hagen eller i loungen i eldhuset.

Middagen må førehandsbestillast ved å senda ein e-post til booking@292aurland.com.
Send namn, ønskt dato, talet på personar og eventuelle allergiar/ restriksjonar.
Pris per person 1000 kroner.

Kart

29/2
Aurland

29/2

29/2

Sunn, god, lokal og økologisk

Link to google maps
60.89312561372909
7.225867353962626

Flere opplevingar

No items found.